Bibelen 1978-85 Nynorsk

Apostelgjerningane 14:12-20 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

12. Og dei kalla Barnabas for Zevs og Paulus for Hermes, sidan det var han som førte ordet.

13. Presten i Zevs-templet tett utanfor byen kom til byporten med oksar og blomekransar og ville ofra saman med folket.

14. Men då apostlane Barnabas og Paulus høyrde det, reiv dei sund kappene sine, sprang inn i flokken

15. og ropa: «Kva er det de finn på, godt folk? Vi er då vanlege menneske som de! Vi forkynner at de må venda om frå desse gagnlause avgudane til den levande Gud, han som skapte himmelen og jorda og havet og alt som i dei er.

16. I framfarne tider lét han nok alle folkeslag gå sine eigne vegar;

17. men han lét velgjerningar vitna om seg. Frå himmelen sende han dykk regn og grøde i rett tid, han gav dykk føde og fylte hjarto dykkar med glede.»

18. Såleis tala dei, men det var berre så vidt dei greidde å hindra folket i å ofra til seg.

19. Men så kom det nokre jødar dit frå Antiokia og Ikonium. Dei fekk folket på si side, og så steina dei Paulus og drog han ut or byen; for dei trudde han var død.

20. Men læresveinane slo ring om han, og han reiste seg opp og gjekk inn i byen. Dagen etter tok han ut og fór saman med Barnabas til Derbe.