Bibelen 1978-85 Nynorsk

Apostelgjerningane 12:5-16 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

5. Peter vart no sitjande i fengslet. Men kyrkjelyden bad inderleg til Gud for han.

6. Natta før Herodes hadde tenkt å føra han fram, låg Peter og sov mellom to soldatar. Han var bunden med to lekkjer, og utanfor døra stod det menn som heldt vakt over fengslet.

7. Best det var, skein det eit ljos i romet, og ein engel frå Herren stod der. Han dytta Peter i sida og vekte han og sa: «Skunda deg og stå opp!» Med det same datt lekkjene av hendene hans,

8. og engelen sa til han: «Bind beltet om deg, og ta på deg sandalane!» Han så gjorde. Då sa engelen: «Kast kappa om deg og fylg meg!»

9. Peter fylgde han ut. Men han skjøna ikkje at det som hende han med engelen, var røyndom; han trudde det var eit syn han såg.

10. Dei gjekk framom den fyrste og den andre vakta og kom så til den jernporten som fører ut til byen. Porten opna seg av seg sjølv; dei gjekk ut og heldt fram nedover den fyrste gata. Der vart engelen brått borte for han.

11. Peter kom til seg sjølv att og sa: «No veit eg for visst at Herren har sendt engelen sin og fria meg ut or hendene på Herodes og berga meg frå alt det som jødefolket går og ventar på.»

12. Så snart Peter vart vis med det, gjekk han til huset åt Maria, mor til Johannes, som hadde tilnamnet Markus. Der var mange samla og heldt bøn.

13. Han banka på ytterdøra, og ei tenestjente som heitte Rode, kom og skulle lata opp.

14. Ho kjende Peter att på målet og vart så glad at ho gløymde å opna døra, men sprang inn og fortalde at Peter stod utanfor.

15. «Du er frå vitet!» sa dei. Men ho heldt på sitt. «Då må det vera engelen hans,» sa dei.

16. Imedan heldt Peter på og banka. Så lét dei opp, og då dei fekk sjå han, vart dei frå seg av undring.