Bibelen 1978-85 Nynorsk

Apostelgjerningane 12:18-25 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

18. Då det tok til å dagast, vart det ikkje lite oppstyr mellom soldatane: Kvar hadde det vorte av Peter?

19. Herodes leita etter han, men fann han ikkje. Så tok han vaktmennene i forhøyr og baud at dei skulle førast bort og avrettast. Med så gjort fór han frå Judea ned til Cæsarea og vart verande der.

20. Herodes hadde lenge vore harm på folket i Tyrus og Sidon, og dei vart no samde om å venda seg til han. Då dei hadde vunne Blastus for seg, kammerherren åt kongen, bad dei om fred; for dei fekk det dei trong frå land som høyrde kongen til.

21. Det vart fastsett ein dag for møtet. Då kledde Herodes seg i kongeleg skrud, sette seg på ein æretribune og tala til folket.

22. Og folket hylla han og ropa: «Her er det ein gud som talar, ikkje eit menneske!»

23. Med det same slo ein engel frå Herren han, fordi han ikkje gav Gud æra. Han vart oppeten av makk og døydde.

24. Men Guds ord hadde framgang og breidde seg vide ikring.

25. Då Barnabas og Saulus hadde fullført ærendet sitt i Jerusalem, drog dei attende. Og dei tok med seg Johannes som hadde tilnamnet Markus.