Bibelen 1978-85 Nynorsk

Apostelgjerningane 11:17-30 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

17. Når Gud har gjeve dei den same gåva som vi fekk, då vi kom til tru på Herren Jesus Kristus, kven er då eg, at eg skulle hindra Gud?

18. Då dei høyrde det, tagna dei. Og dei lova Gud og sa: «Så har då Gud late heidningane òg få venda om og vinna livet!»

19. Dei som no hadde vorte spreidde ikring på grunn av trengslene som tok til med forfylginga mot Stefanus, dei fór vidt utover og kom heilt til Fønikia, Kypros og Antiokia. Men dei tala ikkje Ordet til andre enn jødar.

20. Mellom dei var det nokre menn frå Kypros og Kyréne. Då dei kom til Antiokia, tala dei til grekarane òg, og bar fram evangeliet om Herren Jesus.

21. Og Herrens hand var med dei; ei heil mengd kom til tru og vende om til Herren.

22. Gjetordet om det som hadde hendt, nådde kyrkjelyden i Jerusalem, og dei sende Barnabas til Antiokia.

23. Då han kom dit og såg kor nådig Gud hadde vore, vart han glad, og han mana dei alle til å halda fast ved Herren av heile sitt hjarta.

24. For han var ein god mann, fylt av Den Heilage Ande og tru. Og mange menneske vart vunne for Herren.

25. Sidan drog han til Tarsus og ville leita opp Saulus,

26. som han fann og tok med seg til Antiokia. Der var dei no eit heilt år saman i kyrkjelyden og gav mange menneske opplæring i trua. Og der, i Antiokia, var det at læresveinane fyrst vart kalla kristne.

27. På den tid kom det nokre profetar frå Jerusalem til Antiokia.

28. Ein av dei, han heitte Agabus, stod fram og varsla gjennom Anden at det skulle koma uår og svolt over heile verda. Det var den som kom då Claudius var keisar.

29. Då vart læresveinane samde om at kvar av dei etter evne skulle vera med og hjelpa brørne i Judea.

30. Det gjorde dei, og dei sende gåva med Barnabas og Saulus til dei eldste.