Bibelen 1978-85 Nynorsk

Apostelgjerningane 10:39-48 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

39. Og vi er vitne om alt det han gjorde kringom i Jødeland og i Jerusalem, han som dei hengde på eit tre og tok livet av.

40. Men tredje dagen reiste Gud han opp att og lét han syna seg,

41. ikkje for heile folket, men for dei vitne som Gud føreåt hadde valt ut, for oss som åt og drakk i lag med han etter at han hadde stått opp frå dei døde.

42. Og han baud oss kunngjera dette for folket og vitna at han er den som Gud har sett til domar over levande og døde.

43. Om han vitnar alle profetane og seier at kvar den som trur på han, skal få tilgjeving for syndene ved hans namn.

44. Medan Peter endå tala, fall Den Heilage Ande på alle dei som høyrde Ordet.

45. Dei truande jødane som var komne dit saman med Peter, undra seg storleg over at Den Heilage Andens gåve var utrend over heidningane òg.

46. For dei høyrde at dei tala i tunger og lova Gud. Då sa Peter:

47. «Desse har fått Den Heilage Ande nett som vi. Kan då nokon nekta dei vatnet og hindra at dei vert døypte?»

48. Og han baud at dei skulle døypast i Jesu Kristi namn. Så bad dei han vera der nokre dagar.