Bibelen 1978-85 Nynorsk

Apostelgjerningane 10:27-42 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

27. Medan dei gjekk inn, tala Peter med han. Men då Peter såg alle dei som hadde samla seg,

28. sa han til dei: «De veit at ein jøde ikkje har lov til å vera saman med nokon frå eit anna folk eller gå inn i huset til dei. Men meg har Gud synt at eg ikkje skal kalla noko menneske vanheilagt eller ureint.

29. Difor kom eg utan motmæle med det same eg fekk bodet. Men no spør eg: Kvifor har de sendt bod etter meg?»

30. Då sa Kornelius: «For fire dagar sidan heldt eg bøn heime i huset mitt. Det var på same tid som no, i den niande timen. Med eitt stod det ein mann i lysande klede framfor meg.

31. Kornelius, sa han, Gud har høyrt bøna di og har kome i hug sælebotsgåvene dine.

32. Send bod til Jaffa og bed Simon som har tilnamnet Peter, koma hit! Han held til hjå garvaren Simon, som bur nedmed sjøen.

33. Då sende eg straks bod etter deg, og du gjorde vel som kom. Så står vi då alle her for Guds åsyn og vil høyra alt det som Herren har gjeve deg påbod om å seia.»

34. Då tok Peter til ords og sa:No skjønar eg i sanning at Gud ikkje gjer skil på folk,

35. men tek imot alle som ottast han og gjer det som rett er, kva folkeslag dei så er av.

36. De kjenner det ordet han sende til israelittane, evangeliet om fred ved Jesus Kristus, han som er Herre over alle.

37. De veit om det som tok til i Galilea etter at Johannes hadde forkynt dåpen sin, og som sidan spreidde seg over heile Judea,

38. det at Jesus frå Nasaret vart salva av Gud med Den Heilage Ande og kraft, og at han gjekk ikring og gjorde vel og lækte alle som djevelen hadde fått i si makt; for Gud var med han.

39. Og vi er vitne om alt det han gjorde kringom i Jødeland og i Jerusalem, han som dei hengde på eit tre og tok livet av.

40. Men tredje dagen reiste Gud han opp att og lét han syna seg,

41. ikkje for heile folket, men for dei vitne som Gud føreåt hadde valt ut, for oss som åt og drakk i lag med han etter at han hadde stått opp frå dei døde.

42. Og han baud oss kunngjera dette for folket og vitna at han er den som Gud har sett til domar over levande og døde.