Bibelen 1978-85 Nynorsk

Apostelgjerningane 10:17-25 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

17. Som no Peter var rådvill og ikkje visste kva det skulle tyda, det synet han hadde hatt, kom mennene frå Kornelius. Dei hadde spurt seg fram til huset hans Simon, og no stod dei utfor porten.

18. Dei ropa inn og spurde om Simon, han som hadde tilnamnet Peter, budde der.

19. Og medan Peter endå grunda på synet, sa Anden til han: «Her er tre menn som spør etter deg.

20. Skunda deg og gå ned! Du skal fylgja dei utan å tvika; for det er eg som har sendt dei.»

21. Då gjekk Peter ned til mennene og sa: «Det er meg de spør etter. Kvifor er de komne hit?»

22. Dei svara: «Vi er sende av offiseren Kornelius, ein rettvis og gudfryktig mann som heile jødefolket har berre godt å seia om. Han har fått ein bodskap frå ein heilag engel som sa at han skulle henta deg heim til seg og høyra kva du har å seia.»

23. Så bad Peter dei inn, og dei var gjestene hans.Dagen etter tok han av stad saman med dei, og nokre av brørne frå Jaffa fylgde med.

24. Andre dagen nådde dei til Cæsarea. Kornelius venta dei og hadde bede saman slektningane og dei beste venene sine.

25. Som no Peter skulle gå inn, kom Kornelius imot han, kasta seg ned for føtene hans og tilbad han.