Bibelen 1978-85 Nynorsk

Apostelgjerningane 1:9-23 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

9. Då han hadde sagt dette, vart han opplyft medan dei såg på, og ei sky tok han bort for augo deira.

10. Som dei no stod og stirte opp mot himmelen då han fór bort, stod det med eitt to menn i kvite klede framfor dei

11. og sa: «Kvifor står de og ser opp mot himmelen, galilearar? Denne Jesus, som vart teken opp til himmelen frå dykk, han skal koma att på same måten som de såg han fara opp til himmelen.»

12. Då vende dei attende til Jerusalem frå den høgda som heiter Oljeberget og ligg ei sabbatsreis frå Jerusalem.

13. Inne i byen gjekk dei opp i den salen som dei heldt til i. Det var Peter og Johannes, Jakob og Andreas, Filip og Tomas, Bartolomeus og Matteus, Jakob, son til Alfeus, Simon seloten og Judas, son til Jakob.

14. Alle desse heldt samhuga ved i bøn i lag med nokre kvinner og Maria, mor til Jesus, og brørne hans.

15. Ein gong i desse dagane steig Peter fram mellom brørne, som var samla; det var ikring hundre og tjue menneske.

16. «Brør,» sa han, «det laut oppfyllast, det skriftordet som Den Heilage Ande tala gjennom David om Judas, han som viste veg for dei som greip Jesus.

17. Han var rekna mellom oss og var sett til den same tenesta.

18. For dei pengane han fekk for ugjerninga si, kjøpte han ein åker. Men han stupte ned og sprakk, og all innvolen hans valt ut.

19. Alle som bur i Jerusalem, fekk vita dette, og dei kallar åkeren på sitt eige mål Hakeldama, som tyder Blodåkeren.

20. For det står skrive i Salmane: Lat garden hans liggja aud, ingen skal bu der, og: Lat ein annan få hans tilsynsembete!

21. No er det nokre menn her som var saman med oss heile den tida Herren Jesus gjekk inn og ut mellom oss,

22. frå han vart døypt av Johannes og til den dagen han vart oppteken ifrå oss. Ein av dei lyt saman med oss vera vitne om oppstoda hans.»

23. To menn vart kalla fram: Josef Barsabbas med tilnamnet Justus, og Mattias.