Bibelen 1978-85 Nynorsk

Apostelgjerningane 1:3-12 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

3. Etter at han hadde lide og døytt, steig han fram for dei og gav dei mange klåre prov på at han levde. I førti dagar synte han seg for dei og tala om det som har med Guds rike å gjera.

4. Ein gong han åt saman med dei, sa han: «De skal ikkje fara bort frå Jerusalem, men venta på det som Faderen har lova og som eg har tala om.

5. For Johannes døypte med vatn; men de skal døypast med Den Heilage Ande om nokre få dagar.»

6. Medan dei var samla, spurde dei han: «Herre, er det på den tid du vil atterreisa riket for Israel?»

7. Han svara: «Det er ikkje dykkar sak å kjenna tider og stunder som Faderen har fastsett i si eiga makt.

8. Men når Den Heilage Ande kjem over dykk, får de kraft, og de skal vera mine vitne i Jerusalem og heile Judea, i Samaria og alt til heimsens endar.»

9. Då han hadde sagt dette, vart han opplyft medan dei såg på, og ei sky tok han bort for augo deira.

10. Som dei no stod og stirte opp mot himmelen då han fór bort, stod det med eitt to menn i kvite klede framfor dei

11. og sa: «Kvifor står de og ser opp mot himmelen, galilearar? Denne Jesus, som vart teken opp til himmelen frå dykk, han skal koma att på same måten som de såg han fara opp til himmelen.»

12. Då vende dei attende til Jerusalem frå den høgda som heiter Oljeberget og ligg ei sabbatsreis frå Jerusalem.