Bibelen 1978-85 Nynorsk

Apostelgjerningane 1:15-26 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

15. Ein gong i desse dagane steig Peter fram mellom brørne, som var samla; det var ikring hundre og tjue menneske.

16. «Brør,» sa han, «det laut oppfyllast, det skriftordet som Den Heilage Ande tala gjennom David om Judas, han som viste veg for dei som greip Jesus.

17. Han var rekna mellom oss og var sett til den same tenesta.

18. For dei pengane han fekk for ugjerninga si, kjøpte han ein åker. Men han stupte ned og sprakk, og all innvolen hans valt ut.

19. Alle som bur i Jerusalem, fekk vita dette, og dei kallar åkeren på sitt eige mål Hakeldama, som tyder Blodåkeren.

20. For det står skrive i Salmane: Lat garden hans liggja aud, ingen skal bu der, og: Lat ein annan få hans tilsynsembete!

21. No er det nokre menn her som var saman med oss heile den tida Herren Jesus gjekk inn og ut mellom oss,

22. frå han vart døypt av Johannes og til den dagen han vart oppteken ifrå oss. Ein av dei lyt saman med oss vera vitne om oppstoda hans.»

23. To menn vart kalla fram: Josef Barsabbas med tilnamnet Justus, og Mattias.

24. Og dei bad: «Herre, du som kjenner alle hjarto, syn oss kven av desse to du har valt ut

25. til å ha den tenesta og det apostelembetet som Judas gjekk ifrå då han fór til sin stad!»

26. Dei kasta lodd mellom dei, og loddet fall på Mattias. Sidan vart han halden for apostel saman med dei elleve.