Bibelen 1978-85 Nynorsk

5. Mosebok 9:8-22 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

8. Alt ved Horeb harma de Herren. Han vart så vreid at han ville gjera ende på dykk.

9. Det var den gongen eg gjekk opp på fjellet og skulle ta imot steintavlene, tavlene som tilhøyrer den pakta Herren hadde gjort med dykk. Eg var på fjellet i førti dagar og førti netter og smaka korkje mat eller drikke.

10. Herren gav meg dei to steintavlene. Dei hadde Gud sjølv skrive på med fingeren sin, og der stod alle dei orda som Herren hadde tala til dykk ut or elden, på fjellet, den dagen de var samla.

11. Då dei førti dagane og nettene var lidne, gav Herren meg dei to steintavlene, pakttavlene.

12. Og Herren sa til meg: «Stå opp og skunda deg ned herifrå! Folket ditt, som du førte ut or Egypt, har bore seg ille åt. Dei har vore snare til å vika av frå den vegen eg baud dei å gå. Dei har støypt seg eit gudebilete.

13. Eg har sett kor stridlyndt det er, dette folket,» sa Herren.

14. «Lat meg vera i fred, så vil eg gjera ende på dei og stryka ut namnet deira under himmelen. Og eg vil gjera deg til eit folk som er større og sterkare enn dei.»

15. Så snudde eg meg og gjekk ned av fjellet, som stod i ljos loge, og dei to pakttavlene hadde eg i hendene.

16. Då fekk eg sjå at de hadde synda mot Herren dykkar Gud og laga dykk ein støypt kalv. De hadde vore snare til å vika av frå den vegen Herren hadde sagt de skulle gå.

17. Og eg tok dei to tavlene som eg hadde i hendene, kasta dei frå meg og slo dei sund, medan de stod og såg på.

18. Så bøygde eg meg til jorda for Herren, liksom førre gongen. Og i førti dagar og førti netter smaka eg korkje mat eller drikke, fordi de hadde synda så grovt og gjort det som vondt var i Herrens augo, og såleis eggja han til harme.

19. Eg ottast at Herren hadde vorte så brennande harm og vreid på dykk at han ville rydja dykk ut. Men Herren høyrde bøna mi den gongen òg.

20. Jamvel Aron var Herren så harm på at han ville tyna han. Difor bad eg for Aron òg den gongen.

21. Men kalven, det syndige biletet de hadde laga, tok eg og kasta på elden. Eg knasa han og mol han til fint støv. Og støvet kasta eg i bekken som renn ned frå fjellet.

22. I Tabera, Massa og Kibrot-Hatta’ava eggja de òg Herren til harme.