Bibelen 1978-85 Nynorsk

5. Mosebok 9:6-12 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

6. Så skal du då vita at det ikkje er på grunn av di rettferd Herren din Gud lèt deg vinna dette gode landet. For du er eit stridlyndt folk.

7. Kom i hug og gløym ikkje korleis du gjorde Herren din Gud harm i øydemarka. Heilt frå den dagen de gjekk ut or Egypt, og til de kom hit, har de sett dykk opp mot Herren.

8. Alt ved Horeb harma de Herren. Han vart så vreid at han ville gjera ende på dykk.

9. Det var den gongen eg gjekk opp på fjellet og skulle ta imot steintavlene, tavlene som tilhøyrer den pakta Herren hadde gjort med dykk. Eg var på fjellet i førti dagar og førti netter og smaka korkje mat eller drikke.

10. Herren gav meg dei to steintavlene. Dei hadde Gud sjølv skrive på med fingeren sin, og der stod alle dei orda som Herren hadde tala til dykk ut or elden, på fjellet, den dagen de var samla.

11. Då dei førti dagane og nettene var lidne, gav Herren meg dei to steintavlene, pakttavlene.

12. Og Herren sa til meg: «Stå opp og skunda deg ned herifrå! Folket ditt, som du førte ut or Egypt, har bore seg ille åt. Dei har vore snare til å vika av frå den vegen eg baud dei å gå. Dei har støypt seg eit gudebilete.