Bibelen 1978-85 Nynorsk

5. Mosebok 9:18-29 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

18. Så bøygde eg meg til jorda for Herren, liksom førre gongen. Og i førti dagar og førti netter smaka eg korkje mat eller drikke, fordi de hadde synda så grovt og gjort det som vondt var i Herrens augo, og såleis eggja han til harme.

19. Eg ottast at Herren hadde vorte så brennande harm og vreid på dykk at han ville rydja dykk ut. Men Herren høyrde bøna mi den gongen òg.

20. Jamvel Aron var Herren så harm på at han ville tyna han. Difor bad eg for Aron òg den gongen.

21. Men kalven, det syndige biletet de hadde laga, tok eg og kasta på elden. Eg knasa han og mol han til fint støv. Og støvet kasta eg i bekken som renn ned frå fjellet.

22. I Tabera, Massa og Kibrot-Hatta’ava eggja de òg Herren til harme.

23. Og då han sende dykk ut frå Kadesj-Barnea og sa at de skulle fara opp og ta det landet som han hadde gjeve dykk, trassa de påbodet frå Herren dykkar Gud. De trudde ikkje på han og høyrde ikkje på det han sa.

24. Så lenge eg har kjent dykk, har de vore trassige mot Herren.

25. Så låg eg på kne for Herrens åsyn i førti dagar og førti netter; for han hadde sagt at han ville rydja dykk ut.

26. Og eg bad til Herren: Herre min Gud, gjer ikkje ende på folket ditt, ditt eige folk som du i ditt velde løyste ut og førte ut or Egypt med sterk hand.

27. Kom i hug tenarane dine, Abraham, Isak og Jakob, og sjå ikkje på kor stridlyndt, gudlaust og syndig det er, dette folket!

28. Elles kunne dei seia i det landet du førte oss ut or: «Herren makta ikkje å føra dei inn i det landet han hadde lova dei, og han hata dei. Difor førte han dei ut i øydemarka og lét dei døy der.»

29. Dei er då ditt eige folk, som du har ført ut med di store kraft og din sterke arm.