Bibelen 1978-85 Nynorsk

5. Mosebok 8:15-20 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

15. Han førte deg gjennom den store, uhyggjelege øydemarka, mellom eiterormar og skorpionar, gjennom eit turt og vasslaust land. Og or harde fjellet lét han vatn strøyma fram åt deg.

16. Han gav deg manna i øydemarka, ein mat som fedrane dine aldri hadde høyrt gjete. Alt dette gjorde han av di han ville audmykja deg og prøva deg og så gjera vel imot deg til sist.

17. Difor skal du ikkje tenkja med deg sjølv at det er di eiga kraft og di sterke hand som har vunne deg denne rikdomen.

18. Nei, kom i hug at det er Herren din Gud som gjev deg kraft til å vinna rikdom. Såleis vil han stå ved den pakta som han gjorde med fedrane dine og stadfeste med eid, som han gjer det i dag.

19. Men gløymer du Herren din Gud og held deg til andre gudar, dyrkar dei og bøyer deg og tilbed dei, då er det ute med dykk, det seier eg dykk for visst.

20. Liksom dei folkeslaga som Herren gjer ende på for dykk, såleis skal de òg gå til grunne, fordi de ikkje ville lyda Herren dykkar Gud.