Bibelen 1978-85 Nynorsk

5. Mosebok 7:10-20 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

10. Men den som hatar han, løner han med undergang. Han er ikkje sein til å løna den som hatar han.

11. Så hald då fast ved dei bod, føresegner og domar som eg no gjev deg, og lev etter dei!

12. Dersom de lyder desse boda og legg vinn på å leva etter dei, skal Herren din Gud halda fast ved si miskunn og den pakta han gjorde med fedrane dine og stadfeste med eid.

13. Han skal elska deg og velsigna deg og gjera ætta di stor. Han skal velsigna borna dine og grøda di, kornet og vinen og oljen, det som vert født av storfe, og det som kjem til mellom småfe, i det landet han med eid lova fedrane dine å gje deg.

14. Velsigna skal du vera framom alle andre folk; hjå deg skal det ikkje finnast nokon som er utan avkom, korkje menn eller kvinner eller noko av husdyra dine.

15. All sjukdom skal Herren halda borte frå deg, og ingen av dei stygge farsottene som du kjenner frå Egypt, skal han senda over deg, men over alle fiendane dine skal han la dei koma.

16. Du skal gjera ende på alle dei folk som Herren din Gud gjev deg makt over, og ikkje spara dei. Og gudane deira må du ikkje dyrka; for det ville verta ei felle for deg.

17. Men om du tenkjer som så: «Desse folka er større enn eg. Korleis skal eg greia å driva dei ut?»

18. så ver ikkje redd dei! Kom i hug kva Herren din Gud gjorde med farao og alle egyptarane!

19. Kom i hug dei store plagene som du såg for augo dine, teikna og undera, då Herren med sterk hand og strak arm førte deg ut. Det same skal Herren din Gud gjera med alle dei folka du no er redd for.

20. Han skal jamvel senda redsle og rådløyse mellom dei, til dess dei er borte, alle dei som er att eller har gøymt seg for deg.