Bibelen 1978-85 Nynorsk

5. Mosebok 7:1-12 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Når Herren din Gud har ført deg inn i det landet du no er på veg til og skal leggja under deg, vil han driva ut mange folkeslag for deg: hetittane, girgasjittane, amorittane, kanaanearane, perisittane, hevittane og jebusittane, sju folkeslag som er større og sterkare enn du.

2. Når Herren din Gud gjev dei i di makt, så du vinn over dei, skal du bannstøyta dei. Du må ikkje gjera pakt med dei og ikkje visa dei nåde.

3. Du må ikkje ha samgifte med dei. Gjev ikkje døtrene dine til sønene deira, og ta ikkje døtrene deira til koner åt sønene dine!

4. For då får dei sønene dine til å gå bort frå meg og dyrka andre gudar. Og då kjem Herrens vreide til å loga mot dykk, og han vil rydja deg ut på kort tid.

5. Nei, så skal de gjera med dei: De skal riva ned altara deira, slå sund steinstøttene, hogga ned Asjera-pålane og brenna gudebileta.

6. For du er eit heilagt folk for Herren din Gud. Deg har Herren din Gud valt ut mellom alle folk på jorda til å vera hans eige folk.

7. Når Herren hadde godhug for dykk og valde dykk ut, var det ikkje fordi de var større enn alle andre folk; for de er det minste av alle folka.

8. Men Herren elska dykk og ville halda den eiden han hadde svore fedrane dykkar. Difor førte han dykk bort med sterk hand og fria deg ut or trælehuset, or hendene på farao, egyptarkongen.

9. Så må du vita at Herren din Gud, han er Gud, den trufaste Gud, som held si pakt og gjer vel i tusen ættleder mot dei som elskar han og held boda hans.

10. Men den som hatar han, løner han med undergang. Han er ikkje sein til å løna den som hatar han.

11. Så hald då fast ved dei bod, føresegner og domar som eg no gjev deg, og lev etter dei!

12. Dersom de lyder desse boda og legg vinn på å leva etter dei, skal Herren din Gud halda fast ved si miskunn og den pakta han gjorde med fedrane dine og stadfeste med eid.