Bibelen 1978-85 Nynorsk

5. Mosebok 6:3-13 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

3. Så høyr då, Israel! Legg vinn på å leva etter Herrens bod! Då skal det gå deg vel, og de skal aukast og verta mange i det landet som fløymer med mjølk og honning, så som Herren, dine fedrars Gud, har lova deg.

4. Høyr, Israel! Herren er vår Gud, Herren er éin.

5. Du skal elska Herren din Gud av heile ditt hjarta og av heile din hug og av all di makt.

6. Desse orda og boda som eg gjev deg i dag, skal du gøyma i hjarta ditt.

7. Du skal prenta dei inn i borna dine og tala om dei når du sit heime og når du går på vegen, når du legg deg og når du står opp.

8. Du skal binda dei på handa di til eit merke og bera dei på panna som ein minnesetel

9. og skriva dei på dørstolpane i huset ditt og på portane dine.

10. No vil Herren din Gud føra deg inn i det landet som han med eid lova fedrane dine, Abraham, Isak og Jakob, at han ville gje deg. Der er det store, fine byar som du ikkje har bygt,

11. hus fulle av alle gode ting som du ikkje har samla, utgravne brunnar som du ikkje har grave, vingardar og oliventre som du ikkje har planta. Når du kjem dit og får eta deg mett,

12. ta deg då i vare så du ikkje gløymer Herren, som førte deg ut or Egypt, or trælehuset.

13. Herren din Gud skal du ottast, han skal du tena, og ved hans namn skal du sverja.