Bibelen 1978-85 Nynorsk

5. Mosebok 6:15-25 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

15. For Herren din Gud, som er midt imellom dykk, han er ein brennhuga Gud. Han kunne harmast på deg og rydja deg ut frå jorda.

16. De skal ikkje setja Herren dykkar Gud på prøve, så som de gjorde ved Massa.

17. Legg vinn på å halda dei lover, bod og føresegner som Herren dykkar Gud har gjeve deg,

18. og gjer det som er rett og godt i hans augo. Då skal det gå deg vel, og du skal få koma inn i det gode landet som Herren svor at han ville gje fedrane dine, og ta det i eige.

19. Herren skal driva ut alle fiendar for deg, så som han har sagt.

20. Når son din sidan spør deg korleis det har seg med dei bod, føresegner og domar som Herren vår Gud har gjeve dykk,

21. skal du svara: «Vi var trælar hjå farao i Egypt, men Herren førte oss ut or Egypt med sterk hand.

22. Med eigne augo såg vi korleis Herren i Egypt gjorde store teikn og under som førte ulukke over farao og heile hans hus.

23. Men oss førte han ut derifrå, for han ville leia oss inn i det landet som han med eid hadde lova fedrane våre, og gje oss det.

24. Då baud han oss å halda alle desse føresegnene og ottast Herren vår Gud, så det skulle gå oss vel alle dagar, og han kunne la oss leva, som han har gjort til denne dag.

25. Når vi legg vinn på å leva etter alle desse boda som Herren vår Gud har gjeve oss, då står vi rettferdige for han.»