Bibelen 1978-85 Nynorsk

5. Mosebok 5:2-12 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

2. Herren vår Gud gjorde pakt med oss ved Horeb.

3. Det var ikkje med fedrane våre han gjorde den pakta, men med oss, alle vi som lever og er her i dag.

4. Åsyn til åsyn tala Herren med dykk på fjellet, midt ut or elden.

5. Eg stod mellom Herren og dykk den gongen og bar Herrens ord fram for dykk. For de var redde elden og gjekk ikkje opp på fjellet. Han sa:

6. Eg er Herren din Gud, som førte deg ut or Egypt, or trælehuset.

7. Du skal ikkje ha andre gudar attåt meg.

8. Du skal ikkje laga deg noko gudebilete, ikkje noko slag bilete av det som er oppi himmelen eller nedpå jorda eller i vatnet under jorda.

9. Du skal ikkje bøya deg og tilbe dei og ikkje dyrka dei. For eg, Herren din Gud, er ein brennhuga Gud, som lèt straffa for synda åt fedrane koma over born i tredje og fjerde ættleden når dei hatar meg,

10. men gjer vel i tusen ættleder mot dei som elskar meg og held boda mine.

11. Du skal ikkje misbruka namnet åt Herren din Gud; for Herren held ikkje den uskuldig som misbrukar namnet hans.

12. Du skal akta på kviledagen og halda han heilag, så som Herren din Gud har bode deg!