Bibelen 1978-85 Nynorsk

5. Mosebok 4:9-19 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

9. Ta deg i vare og akta deg vel, så du ikkje gløymer det du såg for augo dine. Lat det aldri gå deg or minne så lenge du lever, men fortel borna og barneborna dine

10. om den dagen då du stod framfor Herren din Gud ved Horeb, den gongen Herren sa til meg: «Kall folket saman! Eg vil la dei høyra orda mine, så dei kan læra å ottast meg alle sine dagar på jorda, og læra borna sine det same.»

11. Då kom de og stod innmed foten av fjellet, medan fjellet stod i ljos loge høgt opp mot himmelen, med mørker, skyer og skodd ikring.

12. Og Herren tala til dykk ut or elden. De høyrde orda, men nokon skapnad såg de ikkje. Det var berre ei røyst de høyrde.

13. Han kunngjorde dykk pakta si som han baud dykk å halda, dei ti bodorda, og han skreiv dei på to steintavler.

14. Same gongen baud Herren meg å læra dykk dei føresegner og bod som de skal leva etter i det landet de er på veg til og skal leggja under dykk.

15. De såg ingen skapnad den dagen Herren tala til dykk på Horeb, midt ut or elden. Ta dykk difor vel i vare,

16. og far ikkje så ille åt at de lagar dykk gudebilete i nokon skapnad, bilete av mann eller kvinne,

17. bilete av noko dyr på jorda eller nokon fugl som flyg under himmelen,

18. bilete av noko kryp på marka eller av nokon fisk i vatnet under jorda.

19. Og når du lyfter augo dine opp mot himmelen og ser sola og månen og stjernene, heile himmelhæren, då må du ikkje la deg riva med, så du bøyer deg og tilbed dei og dyrkar dei. Alt dette har Herren din Gud gjeve til alle andre folk under himmelen,