Bibelen 1978-85 Nynorsk

5. Mosebok 4:7-13 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

7. Kvar finst det eit folk, om aldri så stort, som har ein gud som er folket sitt så nær som Herren vår Gud er oss kvar gong vi kallar på han?

8. Og kvar finst det eit folk, om aldri så stort, som har så rettvise føresegner og bod som heile den lova eg legg fram for dykk i dag?

9. Ta deg i vare og akta deg vel, så du ikkje gløymer det du såg for augo dine. Lat det aldri gå deg or minne så lenge du lever, men fortel borna og barneborna dine

10. om den dagen då du stod framfor Herren din Gud ved Horeb, den gongen Herren sa til meg: «Kall folket saman! Eg vil la dei høyra orda mine, så dei kan læra å ottast meg alle sine dagar på jorda, og læra borna sine det same.»

11. Då kom de og stod innmed foten av fjellet, medan fjellet stod i ljos loge høgt opp mot himmelen, med mørker, skyer og skodd ikring.

12. Og Herren tala til dykk ut or elden. De høyrde orda, men nokon skapnad såg de ikkje. Det var berre ei røyst de høyrde.

13. Han kunngjorde dykk pakta si som han baud dykk å halda, dei ti bodorda, og han skreiv dei på to steintavler.