Bibelen 1978-85 Nynorsk

5. Mosebok 4:38-47 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

38. For di skuld dreiv han ut folkeslag som var større og sterkare enn du, førte deg inn i landet deira og lét deg få det til odel og eige, som det er i dag.

39. Så skal du no vita og leggja deg på hjarta at Herren er Gud, både oppi himmelen og nedpå jorda, han og ingen annan.

40. Du skal halda føresegnene og boda hans som eg gjev deg i dag. Då skal det gå deg og borna dine vel, og du skal få leva lenge i det landet Herren din Gud gjev deg for all framtid.

41. På den tid skilde Moses ut tre byar austanfor Jordan.

42. Dit kunne ein drapsmann røma når han hadde slege nokon i hel av vanvare og ikkje bar hat til han frå før. Rømde han til ein av desse byane, berga han livet.

43. Det var Beser på slettelandet i øydemarka for Rubens-ætta, Ramot i Gilead for Gads-ætta, og Golan i Basan for Manasse-ætta.

44. Dette er den lova Moses la fram for israelittane.

45. Og dette er dei bod, føresegner og domar som Moses kunngjorde for israelittane på ferda frå Egypt.

46. Det hende austanfor Jordan, i dalen midt for Bet-Peor, i det landet som hadde høyrt amorittkongen Sihon til, han som budde i Hesjbon. Moses og israelittane vann over han då dei kom frå Egypt.

47. Og dei tok både hans land og landet åt Og, kongen i Basan. Det var desse to amorittkongane som rådde over landet i aust, på hi sida av Jordan,