Bibelen 1978-85 Nynorsk

5. Mosebok 4:23-43 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

23. Ta dykk i vare så de ikkje gløymer pakta som Herren dykkar Gud har gjort med dykk. Lag dykk ikkje gudebilete i nokon skapnad! Det har Herren din Gud forbode deg.

24. For Herren din Gud er ein øydande eld, ein brennhuga Gud.

25. De skal få born og barneborn og bu lenge i landet. Ber de dykk så ille åt at de lagar gudebilete i ein eller annan skapnad og såleis gjer det som er Herren dykkar Gud imot og harmar han,

26. skal de snart verta utrudde or det landet de får i eige når de går over Jordan. Det tek eg himmel og jord til vitne på. De får ikkje leva lenge der, men skal gå heilt til grunne.

27. Herren skal spreia dykk mellom folka. Berre nokre få av dykk skal vera att mellom dei folkeslaga han fører dykk bort til.

28. Der må de dyrka gudar som menneskehender har laga, stokk og stein, som korkje kan sjå eller høyra, eta eller lukta.

29. Og dersom du søkjer Herren din Gud der, skal du finna han når du søkjer han av heile ditt hjarta og heile din hug.

30. Når du er i trengsle, og alt dette kjem over deg, langt fram i tida, skal du venda om til Herren din Gud og lyda orda hans.

31. For Herren din Gud er ein miskunnsam Gud. Han slepper deg ikkje og lèt deg ikkje gå til grunne. Han gløymer ikkje den pakta han gjorde med fedrane dine og stadfeste med eid.

32. Spør berre om dei framfarne dagar, som var lenge før di tid, alt frå den dagen då Gud skapte menneske på jorda, og spør frå den eine enden av himmelen til den andre: Har det hendt noko så stort som dette, eller har nokon høyrt om slikt?

33. Har eit folk høyrt Gud tala ut or elden, så som du gjorde, og endå fått leva?

34. Eller har nokon gud freista å koma og ta seg eit folk og føra det bort frå eit anna folk med plager og teikn, med under og krig, med sterk hand og strak arm og store, skræmelege gjerningar? Alt dette såg du at Herren dykkar Gud gjorde for dykk i Egypt.

35. Du fekk sjå det, så du skulle vita at Herren er Gud, han og ingen annan.

36. Frå himmelen lét han deg høyra røysta si, fordi han ville rettleia deg. Og på jorda synte han deg den store elden sin, og midt ut or elden høyrde du orda hans.

37. Han elska fedrane dine og valde ut ætta deira; difor førte han deg ut or Egypt med si store makt.

38. For di skuld dreiv han ut folkeslag som var større og sterkare enn du, førte deg inn i landet deira og lét deg få det til odel og eige, som det er i dag.

39. Så skal du no vita og leggja deg på hjarta at Herren er Gud, både oppi himmelen og nedpå jorda, han og ingen annan.

40. Du skal halda føresegnene og boda hans som eg gjev deg i dag. Då skal det gå deg og borna dine vel, og du skal få leva lenge i det landet Herren din Gud gjev deg for all framtid.

41. På den tid skilde Moses ut tre byar austanfor Jordan.

42. Dit kunne ein drapsmann røma når han hadde slege nokon i hel av vanvare og ikkje bar hat til han frå før. Rømde han til ein av desse byane, berga han livet.

43. Det var Beser på slettelandet i øydemarka for Rubens-ætta, Ramot i Gilead for Gads-ætta, og Golan i Basan for Manasse-ætta.