Bibelen 1978-85 Nynorsk

5. Mosebok 4:11-24 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

11. Då kom de og stod innmed foten av fjellet, medan fjellet stod i ljos loge høgt opp mot himmelen, med mørker, skyer og skodd ikring.

12. Og Herren tala til dykk ut or elden. De høyrde orda, men nokon skapnad såg de ikkje. Det var berre ei røyst de høyrde.

13. Han kunngjorde dykk pakta si som han baud dykk å halda, dei ti bodorda, og han skreiv dei på to steintavler.

14. Same gongen baud Herren meg å læra dykk dei føresegner og bod som de skal leva etter i det landet de er på veg til og skal leggja under dykk.

15. De såg ingen skapnad den dagen Herren tala til dykk på Horeb, midt ut or elden. Ta dykk difor vel i vare,

16. og far ikkje så ille åt at de lagar dykk gudebilete i nokon skapnad, bilete av mann eller kvinne,

17. bilete av noko dyr på jorda eller nokon fugl som flyg under himmelen,

18. bilete av noko kryp på marka eller av nokon fisk i vatnet under jorda.

19. Og når du lyfter augo dine opp mot himmelen og ser sola og månen og stjernene, heile himmelhæren, då må du ikkje la deg riva med, så du bøyer deg og tilbed dei og dyrkar dei. Alt dette har Herren din Gud gjeve til alle andre folk under himmelen,

20. men dykk har Herren teke og ført ut or smelteomnen, or Egypt, så de skal vera hans eige folk, som de er i dag.

21. Men Herren vart vreid på meg for dykkar skuld og svor at eg ikkje skulle få gå over Jordan og koma inn i det gode landet som Herren din Gud gjev deg til odel og eige.

22. Eg må døy i dette landet og får ikkje koma over Jordan. Men de skal få gå over og ta det gode landet i eige.

23. Ta dykk i vare så de ikkje gløymer pakta som Herren dykkar Gud har gjort med dykk. Lag dykk ikkje gudebilete i nokon skapnad! Det har Herren din Gud forbode deg.

24. For Herren din Gud er ein øydande eld, ein brennhuga Gud.