Bibelen 1978-85 Nynorsk

5. Mosebok 34:8-12 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

8. Israelittane syrgde over Moses på Moab-slettene i tretti dagar; då var syrgjetida ute.

9. Men Josva Nunsson var fylt med visdomsånd, fordi Moses hadde lagt hendene på han. Og israelittane lydde han og gjorde som Herren hadde sagt Moses føre.

10. Aldri meir steig det fram i Israel ein profet som Moses, som Herren gav seg til kjenne for, åsyn til åsyn.

11. Kom i hug alle dei teikn og under Herren sende han til å gjera i Egypt, med farao og alle tenarane hans og heile landet hans.

12. Og kom i hug den sterke handa og alle dei store, agelege gjerningane som Moses gjorde for augo på heile Israel.