Bibelen 1978-85 Nynorsk

5. Mosebok 33:18-23 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

18. Om Sebulon sa han:Gled deg, Sebulon, ¬når du dreg ut,gled deg, Jissakar, i dine telt!

19. Dei bed ættene koma til fjellet;der ber dei fram dei rette offer.Dei syg til seg rikdom frå havetog skattar gøymde i sanden.

20. Om Gad sa han:Lova vere han ¬som lèt Gad få rom!Han legg seg på lur som ei løveog riv sund både arm og hovud.

21. Han såg seg ut den beste delen;der fekk han lut ¬som ein høgvørd førardå hovdingane i folket møttest.Og saman med Israel ¬gjorde handet som er rett for Herren,det han har fastsett.

22. Om Dan sa han:Dan er ein løveungesom spring fram frå Basan.

23. Om Naftali sa han:Naftali er metta ¬med Herrens velviljeog fylt av hans velsigning.Han tek land i vest og sør.