Bibelen 1978-85 Nynorsk

5. Mosebok 33:1-13 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Dette er den velsigninga som Moses, gudsmannen, lyste over israelittane før han døydde:

2. Herren kom frå Sinai,frå Se’ir stråla han fram for dei.I ljosglans kom han ¬frå Paran-fjelletmed heilage i tallaus mengd,som strøymde fram ¬på hans høgre side.

3. Ja, han elskar sitt folk.Alle hans heilage ¬er i hans hand.Dei set seg ned ved dine føterog tek imot av dine ord.

4. Moses gav oss ei lov,ein eigedom for Jakobs lyd.

5. Det stod fram ein konge ¬i Jesjurundå hovdingane i folketkom saman med ættene i Israel.

6. Gjev Ruben må leva ¬og aldri døy ut,gjev hans menn må auka i tal!

7. Dette sa han om Juda:Herre, høyr ropa frå Juda,og før han heim til sitt folk!Med sine hender ¬strider han for det.Ver du hans hjelp mot fiendane!

8. Om Levi sa han:Dine tummim og urimskal vera hjå din trufaste mann,han som du sette på prøve ¬ved Massaog stridde mot ¬ved Meriba-kjelda.

9. Han sa om far sin og mor si:«Eg har aldri sett dei.»Han kjendest ikkje ¬ved sine brørog ville ikkje vita av sine born.For dei tok vare på ditt ordog verna om di pakt.

10. Dei skal læra Jakob dine bodog Israel di lov.Dei skal leggja røykjelse ¬fram for din naseog heiloffer på ditt altar.

11. Herre, velsigna hans kraft,ha hugnad i alt hans verk!Knus hoftene ¬på hans motstandarar,lat aldri hans fiendar ¬reisa seg meir!

12. Om Benjamin sa han:Herrens hjartebarn ¬bur trygt og godt.Herren vernar han heile dagen,han bur imellom hans fjellsider.

13. Om Josef sa han:Gjev Herren må signa hans land ¬med dogg,den gode himmelgåva,og med vatn frå havdjupet ¬som ligg der nede,