6. Er det så de løner Herren,du fåvise og uvituge folk?Er ikkje han din far og skapar,han som skapte deg ¬og rusta deg ut?
7. Kom framfarne dagar i hug,gjev akt på åra frå ætt til ætt!Spør far din, han fortel deg,dei gamle, dei gjev deg svar.
8. Då Den Høgste ¬gav folkeslaga landog skilde menneska ¬frå kvarandre,sette han grenser mellom folkaetter talet på Israels søner.
9. Herrens del vart hans eige folk,Jakob vart hans arvelut.
10. Herren fann han i øydemarka,i tome audna med ulande lydar.Han verna han og sytte for hanog vakta han ¬som sin augnestein.
11. Som ei ørn sviv ¬over ungane sinenår ho lèt dei flyga frå reiret,så breidde han ut ¬sine vengefjører,tok og bar han på sine venger.
12. Einast Herren førte han,ingen framand gud ¬var med han.
13. Han lét han fara ¬over høgdene i landetog eta av grøda på marka.Han lét han suga honning ¬or bergetog olje or harde fjellet.
14. Han gav han rjome ¬frå buskapen,mjølk av småfe og feitt av lam,av Basan-verar og bukkar,og den feitaste mergen ¬av kveiten.Drueblod drakk du, ¬skummande vin.
15. Jesjurun vart feit ¬og spente bakut;du vart feit og tjukk og stinn.Han vraka Gud ¬som hadde skapt han,og viste vanvørdnad ¬for sitt frelsande berg.