39. Sjå no, berre eg er Gud,det finst ingen annan gud ¬enn eg.Eg tek liv, og eg gjev liv,eg sårar, og eg lækjer;og ingen kan berga or mi hand.
40. Eg lyfter mi hand ¬mot himmelen og seier:Så sant eg lever evig,
41. når eg kvesser ¬mitt lynande sverdog retter ut mi hand til doms,då tek eg hemn ¬over mine fiendar,gjev mine motstandarar ¬det dei fortener.
42. Eg gjer mine piler ¬drukne av blod,blodet av falne og fangar,og lèt mitt sverd eta kjøt,hovud av fiendens hovdingar.
43. Pris hans folk, de folkeslag,for han hemner ¬blodet åt sine tenarar.Han tek hemn over sine fiendarog gjer soning ¬for sitt land og folk.
44. Moses kom og bar fram heile dette kvadet, han og Josva Nunsson, medan folket høyrde på.
45. Og då Moses var ferdig med å bera fram alle desse orda for heile Israel,
46. sa han: «Legg dykk no på hjarta alle desse orda som eg i dag har tala til åtvaring for dykk. Og sei frå til borna dykkar at dei skal halda alle boda i denne lova og leva etter dei.
47. For dette er ikkje tome ord, men sjølve livet for dykk. Held de dei, skal de få leva lenge i det landet de tek i eige når de går over Jordan.»
48. Same dagen tala Herren til Moses og sa:
49. «Stig opp på Abarim-fjellet, på Nebo-tinden, som ligg i Moab, midt for Jeriko, så skal du få sjå Kanaan, det landet som eg gjev israelittane til eige.