Bibelen 1978-85 Nynorsk

5. Mosebok 32:1-13 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Lyd etter, himmel, ¬eg vil tala,høyr orda frå min munn, ¬du jord!

2. Lat læra mi risla som regn,talen min drypa som dogg,som regnskurer på grøne graset,som regndropar ¬over det som gror.

3. Herrens namn vil eg forkynna,og de skal gje vår Gud ære.

4. Han er Berget,fullkome er hans verk,rettferdige er alle hans vegar.Ein trufast Gud, utan svik,rettferdig og rettvis er han.

5. Dei som ikkje er hans born,sveik honom med si vonde ferd,ei svikefull og rangsnudd ætt.

6. Er det så de løner Herren,du fåvise og uvituge folk?Er ikkje han din far og skapar,han som skapte deg ¬og rusta deg ut?

7. Kom framfarne dagar i hug,gjev akt på åra frå ætt til ætt!Spør far din, han fortel deg,dei gamle, dei gjev deg svar.

8. Då Den Høgste ¬gav folkeslaga landog skilde menneska ¬frå kvarandre,sette han grenser mellom folkaetter talet på Israels søner.

9. Herrens del vart hans eige folk,Jakob vart hans arvelut.

10. Herren fann han i øydemarka,i tome audna med ulande lydar.Han verna han og sytte for hanog vakta han ¬som sin augnestein.

11. Som ei ørn sviv ¬over ungane sinenår ho lèt dei flyga frå reiret,så breidde han ut ¬sine vengefjører,tok og bar han på sine venger.

12. Einast Herren førte han,ingen framand gud ¬var med han.

13. Han lét han fara ¬over høgdene i landetog eta av grøda på marka.Han lét han suga honning ¬or bergetog olje or harde fjellet.