Bibelen 1978-85 Nynorsk

5. Mosebok 30:11-16 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

11. Desse boda som eg gjev deg i dag, er ikkje for vanskelege eller for langt borte for deg.

12. Dei er ikkje i himmelen, så du må seia: «Kven vil fara opp til himmelen for oss og henta dei ned, så vi kan høyra dei og leva etter dei?»

13. Dei er heller ikkje på hi sida av havet, så du må seia: «Kven vil fara over havet for oss og henta dei, så vi kan høyra dei og leva etter dei?»

14. Nei, ordet er deg nærare enn som så; det er i munnen din og i hjarta ditt, så du kan leva etter det.

15. Sjå, i dag har eg lagt fram for deg livet og det gode og døden og det vonde.

16. Gjer du som eg byd deg i dag, så du elskar Herren din Gud, går på hans vegar og held deg etter hans bod, føresegner og domar, då skal du leva og aukast. Og Herren din Gud skal velsigna deg i det landet du går inn i og legg under deg.