Bibelen 1978-85 Nynorsk

5. Mosebok 3:2-19 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

2. Men Herren sa til meg: «Ver ikkje redd han! Eg gjev både han og heile hæren hans og landet hans i dine hender. Du skal gjera med han som du gjorde med amorittkongen Sihon, som budde i Hesjbon.»

3. Så gav Herren vår Gud Og, kongen i Basan, og heile hæren hans i våre hender. Vi hogg dei ned; ingen vart att, og ingen slapp unna.

4. Den gongen tok vi alle byane hans; det fanst ikkje ein by som vi ikkje tok frå dei. Seksti byar var det, heile Argob-landet, riket åt Og i Basan.

5. Alle desse var festningsbyar med høge murar og med portar og bommar. Dessutan tok vi ei stor mengd med landsbyar.

6. Vi bannstøytte dei, som vi hadde gjort med Sihon, kongen i Hesjbon. Kvar einaste by bannstøytte vi, både menn, kvinner og born.

7. Men alt bufeet og hærfanget frå byane tok vi med oss.

8. Såleis tok vi den gongen landet frå dei to amorittkongane austanfor Jordan, frå Arnon-elva til Hermon-fjellet.

9. Det er det fjellet som folket i Sidon kallar Sirjon og amorittane Senir.

10. Vi tok alle byane på sletta, heile Gilead og heile Basan radt til Salka og Edre’i, to byar i riket åt Og i Basan.

11. Kong Og i Basan var den siste av refaittane som var att. Kista hans står, som alle veit, i Rabba i Ammon. Ho er av jern og er ni alner lang og fire alner brei etter vanleg alnemål.

12. Då vi tok dette landet, gav eg bygdene frå Aroer ved Arnon-dalen og halvparten av fjell-landet i Gilead med byane der til Rubens-ætta og Gads-ætta.

13. Det som var att av Gilead og heile Basan, riket åt Og, heile Argob-landet, gav eg til den eine halvparten av Manasse-ætta. Heile dette Basan-riket kalla dei refaittlandet.

14. Ja’ir, son til Manasse, tok heile Argob-landet, radt til grensa mot gesjurittane og ma’akatittane. Han gav Basan namn etter seg sjølv og kalla det Ja’irs teltbyar, og så har det heitt til denne dag.

15. Gilead lét eg Makir få,

16. og Rubens-ætta og Gads-ætta gav eg landet frå Gilead til Arnon-dalen, såleis at grensa gjekk midt i elva, til Jabbok-elva, som er grense mot ammonittane,

17. og Araba-sletta med Jordan som grense frå Gennesaret-sjøen til Araba-sjøen, det er Saltsjøen, og Pisga-liene i aust.

18. Då sa eg til dykk: «Herren dykkar Gud har late dykk ta dette landet i eige. Bu dykk no, alle våpenføre menn, og far føre brørne dykkar, israelittane!

19. Berre kvinner og born og husdyr – for eg veit at de har mykje fe – skal vera att i dei byane eg har gjeve dykk.