Bibelen 1978-85 Nynorsk

5. Mosebok 3:19-27 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

19. Berre kvinner og born og husdyr – for eg veit at de har mykje fe – skal vera att i dei byane eg har gjeve dykk.

20. Men når Herren har late brørne dykkar koma til ro liksom de, og dei òg har teke det landet som Herren dykkar Gud gjev dei vestanfor Jordan, kan de fara heim att, kvar til sin eigedom, som eg har gjeve dykk.»

21. Den gongen sa eg til Josva: «Med eigne augo har du sett alt det som Herren dykkar Gud gjorde med desse to kongane. Det same vil Herren gjera med alle dei kongerika du no er på veg til.

22. Ver ikkje redd dei! For Herren dykkar Gud vil sjølv strida for dykk.»

23. Den gongen bad eg inderleg til Herren:

24. «Herre vår Gud, frå fyrste stund har du late tenaren din sjå ditt velde og di sterke hand. Kvar finst det ein gud i himmelen eller på jorda som kan gjera slike gjerningar og storverk som du?

25. Lat meg få koma over og sjå det gode landet på hi sida av Jordan, dette fagre fjell-landet og Libanon!»

26. Men Herren var harm på meg for dykkar skuld og ville ikkje høyra på meg. «Det er nok,» sa han. «Tal ikkje til meg om dette meir!

27. Gå opp på toppen av Pisga-fjellet og vend augo dine mot vest og nord og sør og aust og sjå deg ikring! For du skal aldri koma over Jordan.