Bibelen 1978-85 Nynorsk

5. Mosebok 29:6-15 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

6. De åt ikkje brød og drakk ikkje vin eller sterk drikk; for han ville de skulle skjøna at han er Herren dykkar Gud.

7. Då de kom til denne staden, fór Sihon, kongen i Hesjbon, og Og, kongen i Basan, ut til strid mot oss, men vi vann over dei.

8. Vi tok landet deira og lét Rubens- og Gads-ætta og halve Manasse-ætta få det til odel og eige.

9. Så akta då på orda i denne pakta og lev etter dei! Då skal de ha lukke med dykk i alt de gjer.

10. I dag står de alle framfor Herren dykkar Gud, ættehovdingane, dei eldste, tilsynsmennene og kvar mann i Israel,

11. borna og kvinnene dykkar og innflyttarane som held til i leiren din, dei som høgg ved og dei som ber vatn for deg.

12. No skal du gå inn i pakta med Herren din Gud og i det eids-sambandet som han gjer med deg i dag.

13. For i dag vil han gjera deg til sitt folk, og sjølv vil han vera din Gud, så som han sa deg og med eid lova fedrane dine, Abraham, Isak og Jakob.

14. Det er ikkje berre med dykk eg gjer denne pakta og dette eids-sambandet,

15. men òg med dei som står her saman med oss i dag framfor Herren vår Gud, og med dei som enno ikkje er hjå oss.