Bibelen 1978-85 Nynorsk

5. Mosebok 29:21-29 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

21. Herren skal skilja han ut frå alle Israels ætter, og det skal gå han så ille som sagt er i alle dei forbanningar som høyrer pakta til og er skrivne i denne lovboka.

22. Og når komande ætter, borna som veks opp etter dykk, og dei framande som kjem frå land langt borte, ser dei plager som har råma dette landet, og dei sjukdomar Herren har sendt over det,

23. – med svovel og salt er heile landet avsvide, så ein ikkje kan så og få det til å gro, og ikkje eit strå kan veksa der, ei øydelegging som då Herren i sin vreide og harme gjorde ende på Sodoma og Gomorra, Adma og Sebojim –

24. då skal både dei sjølve og dei andre folkeslaga spørja: «Kvifor har Herren fare såleis åt med dette landet? Kvifor logar vreiden hans så veldig?»

25. Og dei skal få til svar: Det var fordi dei braut den pakta som Herren, deira fedrars Gud, gjorde med dei då han førte dei ut or Egypt.

26. Dei gjekk av og dyrka andre gudar, bøygde seg og tilbad dei, gudar som dei ikkje kjende, og som han ikkje hadde gjeve dei lov til å dyrka.

27. Difor loga Herrens vreide opp mot dette landet, og han førte over det all den forbanning som er skriven i denne boka.

28. I vreide, harme og stor uvilje rykte Herren dei opp or landet deira og kasta dei bort til eit anna land, og der har dei vore til denne dag.

29. Det dulde høyrer Herren vår Gud til; men det som er openberra, gjeld for oss og våre born til evig tid, så vi kan halda alle boda i denne lova.