Bibelen 1978-85 Nynorsk

5. Mosebok 29:12-21 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

12. No skal du gå inn i pakta med Herren din Gud og i det eids-sambandet som han gjer med deg i dag.

13. For i dag vil han gjera deg til sitt folk, og sjølv vil han vera din Gud, så som han sa deg og med eid lova fedrane dine, Abraham, Isak og Jakob.

14. Det er ikkje berre med dykk eg gjer denne pakta og dette eids-sambandet,

15. men òg med dei som står her saman med oss i dag framfor Herren vår Gud, og med dei som enno ikkje er hjå oss.

16. De veit sjølve at vi budde i Egypt, og at vi fór fram gjennom landa åt dei folka de laut fara framom.

17. De såg dei ufyselege gudebileta deira, avgudane deira av stokk og stein, av sølv og gull.

18. Lat det då ikkje finnast hjå dykk mann eller kvinne, ættgrein eller ætt som i dag vender hugen bort frå Herren vår Gud, så dei går av og dyrkar gudane åt desse folka. Lat det ikkje finnast hjå dykk noka rot som det renn giftplanter og malurt av.

19. Ingen må, når han høyrer boda i dette eids-sambandet, prisa seg lukkeleg og seia: «Meg går det nok godt om eg fylgjer mitt harde hjarta.» Då øyder han både det vassrike og det turre landet.

20. Herren vil aldri tilgje ein slik mann, men Herrens vreide og brennhug skal loga opp mot han. Alle dei forbanningar som er nemnde i denne boka, skal koma over han, og Herren skal stryka ut namnet hans under himmelen.

21. Herren skal skilja han ut frå alle Israels ætter, og det skal gå han så ille som sagt er i alle dei forbanningar som høyrer pakta til og er skrivne i denne lovboka.