Bibelen 1978-85 Nynorsk

5. Mosebok 27:14-26 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

14. Levittane skal ta til ords og seia med høg røyst til kvar mann i Israel:

15. Forbanna vere den som lagar eit utskore eller støypt gudebilete, ein styggedom for Herren, eit verk av kunstnarhand, og set det opp i løynd! Og heile folket skal svara: Amen.

16. Forbanna vere den som vanærar far sin eller mor si! Og heile folket skal seia: Amen.

17. Forbanna vere den som flytter merkesteinar mellom seg og grannen! Og heile folket skal seia: Amen.

18. Forbanna vere den som fører ein blind på galen veg! Og heile folket skal seia: Amen.

19. Forbanna vere den som rengjer retten for innflyttarar, farlause og enkjer! Og heile folket skal seia: Amen.

20. Forbanna vere den som ligg med kona åt far sin! Han vanærar lega åt far sin. Og heile folket skal seia: Amen.

21. Forbanna vere den som har omgang med dyr! Og heile folket skal seia: Amen.

22. Forbanna vere den som ligg med syster si, dotter til far sin eller mor si! Og heile folket skal seia: Amen.

23. Forbanna vere den som ligg med mor til kona si! Og heile folket skal seia: Amen.

24. Forbanna vere den som slår i hel ein landsmann i løynd! Og heile folket skal seia: Amen.

25. Forbanna vere den som tek muter og slår i hel ein skuldlaus mann! Og heile folket skal seia: Amen.

26. Forbanna vere den som ikkje held orda i denne lova og lever etter dei! Og heile folket skal seia: Amen.