9. skal brorkona gå bort til han medan dei eldste ser på, dra skoen av foten hans, spytta han i andletet og seia: «Så gjer ein med den mannen som ikkje vil halda oppe ætta åt bror sin.»
10. Sidan skal dei kalla ætta hans «Berrfot-ætta» i Israel.
11. Kjem to menn i slagsmål, og kona til ein av dei spring bortåt og vil hjelpa mannen sin, og ho retter ut handa og grip den som slår han, i kjønnslemen,
12. då skal du utan medkjensle hogga handa av henne.
13. Du skal ikkje ha to slag vektlodd i pungen din, somme store og somme små.
14. Du skal heller ikkje ha to efa-mål i huset ditt, eit stort og eit lite.
15. Heile og rette vektlodd skal du ha og eit heilt og rett efa-mål. Då skal du få leva lenge i det landet Herren din Gud gjev deg.
16. Herren din Gud styggjest ved alle som gjer urett på denne måten.
17. Kom i hug kva amalekittane gjorde mot deg den gongen de var på ferda frå Egypt.