Bibelen 1978-85 Nynorsk

5. Mosebok 24:5-22 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

5. Ein nygift mann skal ikkje fara ut i krig, og det må ikkje leggjast andre plikter på han. Han skal vera friteken i eitt år, til gagn for huslyden sin og til glede for kona som han har fått.

6. Ingen må ta ei handkvern eller ein kvernstein i pant, for då tek han pant i ein manns liv.

7. Kjem du over ein mann som røvar ein av brørne sine, ein israelitt, og han fer stygt med han eller sel han til træl, då skal ransmannen døy. Såleis skal du rydja ut det vonde hjå deg.

8. Når nokon får ein hudsjukdom som gjer urein, må de syta vel for å gjera alt det som levittprestane lærer dykk. Legg vinn på å gjera så som eg har sagt dei!

9. Kom i hug kva Herren din Gud gjorde med Mirjam då de var på vegen frå Egypt.

10. Når du låner ein landsmann noko, må du ikkje gå inn i huset hans og ta pant hjå han.

11. Du skal stå utanfor, så mannen du gjev lånet, sjølv kan koma ut til deg med pantet.

12. Er det ein mann som lid naud, skal du ikkje leggja deg til å sova i den kappa han har pantsett.

13. Lat han få att pantet når sola glader, så han kan liggja i kappa si! Då vil han velsigna deg, og du står rettferdig for Herren din Gud.

14. Du skal ikkje gjera urett mot ein leigekar som er fattig og lid naud, anten det er ein landsmann eller ein innflyttar som bur i ein av byane i landet ditt.

15. Du skal gje han løn same dagen, før sola glader, for han treng løna og stundar etter henne. Elles kunne han ropa til Herren og klaga på deg, og du vart skuldig i synd.

16. Fedrar skal ikkje lata livet for det borna har gjort, og born ikkje for det fedrane har gjort. Kvar skal døy for si eiga synd.

17. Du skal ikkje rengja retten for innflyttarar og farlause og ikkje ta kleda åt ei enkje i pant.

18. Kom i hug at du var træl i Egypt, og at Herren din Gud fria deg ut derifrå. Difor byd eg deg å gjera dette.

19. Når du haustar inn kornet på åkeren din og gløymer eit kornband der, skal du ikkje gå attende og henta det. Innflyttarar, farlause og enkjer skal ha det. Då skal Herren din Gud velsigna deg i alt du tek deg føre.

20. Når du slår ned frukta av oliventrea, skal du ikkje sjå over greinene ein gong til. Det som er att, skal innflyttarar, enkjer og farlause ha.

21. Når du haustar vingarden din, skal du ikkje sanka dei druene som heng att. Dei skal innflyttarar, farlause og enkjer ha.

22. Kom i hug at du var træl i Egypt. Difor byd eg deg å gjera dette.