Bibelen 1978-85 Nynorsk

5. Mosebok 24:1-11 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Når ein mann har gift seg med ei kvinne, og han ikkje likar henne lenger, fordi han har funne noko hjå henne som byd han imot, kan han skriva eit skilsmålsbrev og gje henne, og så senda henne bort frå huset sitt.

2. Set no at ho etter å ha flytt frå han, går stad og gifter seg med ein annan.

3. Dersom han òg får uvilje mot henne, skriv eit skilsmålsbrev og gjev henne, og så sender henne bort frå huset sitt, eller dersom han døyr,

4. då kan ikkje han som fyrst skilde seg frå henne, ta henne til kone att etter at ho har vorte urein; for det er ein styggedom for Herren. Du må ikkje føra synd over det landet Herren din Gud gjev deg til odel og eige.

5. Ein nygift mann skal ikkje fara ut i krig, og det må ikkje leggjast andre plikter på han. Han skal vera friteken i eitt år, til gagn for huslyden sin og til glede for kona som han har fått.

6. Ingen må ta ei handkvern eller ein kvernstein i pant, for då tek han pant i ein manns liv.

7. Kjem du over ein mann som røvar ein av brørne sine, ein israelitt, og han fer stygt med han eller sel han til træl, då skal ransmannen døy. Såleis skal du rydja ut det vonde hjå deg.

8. Når nokon får ein hudsjukdom som gjer urein, må de syta vel for å gjera alt det som levittprestane lærer dykk. Legg vinn på å gjera så som eg har sagt dei!

9. Kom i hug kva Herren din Gud gjorde med Mirjam då de var på vegen frå Egypt.

10. Når du låner ein landsmann noko, må du ikkje gå inn i huset hans og ta pant hjå han.

11. Du skal stå utanfor, så mannen du gjev lånet, sjølv kan koma ut til deg med pantet.