Bibelen 1978-85 Nynorsk

5. Mosebok 23:14-23 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

14. For Herren din Gud går ikring i leiren; han vil berga deg og gje fiendane i dine hender. Difor skal leiren vera heilag, og Herren må ikkje sjå noko ufyse hjå deg; for då vender han seg bort frå deg.

15. Når ein træl har rømt frå herren sin og søkt livd hjå deg, skal du ikkje senda han attende til herren hans.

16. Lat han få bu kvar han vil i landet ditt, i ein av byane dine, der han likar seg best. Og ver ikkje hard mot han!

17. Mellom israelittane må det ikkje finnast kvinne eller mann som driv tempel-utukt.

18. Kom ikkje til huset åt Herren din Gud med pengar som ei kvinne eller ein mann får for å driva utukt, om du så har lova det. Alle slike pengar er ein styggedom for Herren din Gud.

19. Du skal ikkje krevja rente av ein landsmann; korkje for pengar eller mat eller noko anna skal du ta rente.

20. Av utlendingar kan du krevja rente, men ikkje av ein landsmann. Då skal Herren din Gud velsigna deg i alt du tek deg føre i det landet du går inn i og legg under deg.

21. Når du gjer ein lovnad til Herren din Gud, må du ikkje drya med å halda det du har lova. Elles kjem Herren din Gud til å krevja det av deg, og du fører skuld over deg.

22. Lèt du vera å lova noko, vert du ikkje skuldig.

23. Men det du eingong har sagt, må du leggja vinn på å gjera. For av fri vilje og med eigen munn har du gjeve Herren din Gud lovnaden.