Bibelen 1978-85 Nynorsk

5. Mosebok 22:25-30 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

25. Men er det ute på marka ein mann råkar ei jente som er trulova, og tek henne med vald og ligg med henne, då skal berre mannen døy.

26. Jenta skal du ikkje gjera noko; ho har inga synd gjort som det er dødsstraff for. Dette er ei sak av same slaget som når ein mann ryk på nesten sin og slår han i hel.

27. Mannen råka jenta ute på open mark. Ho ropa, men det var ingen til å hjelpa henne.

28. Når ein mann råkar ei ungmøy som ikkje er trulova, og han tek henne og ligg med henne, og folk kjem over dei,

29. skal mannen som var saman med jenta, gje far hennar femti sekel sølv fordi han krenkte henne. Ho skal vera kona hans, og han må ikkje skilja seg frå henne så lenge han lever.

30. Ingen må gifta seg med kona åt far sin og såleis vanæra lega åt far sin.