Bibelen 1978-85 Nynorsk

5. Mosebok 22:18-24 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

18. Då skal dei eldste ta mannen og straffa han.

19. Dei skal døma han til ei bot på hundre sekel sølv og gje dei til far åt jenta, fordi mannen har sett ut vondt ord om ei møy i Israel. Ho skal vera kona hans, og han må ikkje skilja seg frå henne så lenge han lever.

20. Men er skuldinga sann, finst det ikkje teikn på at jenta var møy,

21. så skal dei føra henne bort åt døra til farshuset hennar, og mennene i byen skal steina henne i hel. For ho har gjort ei skamlaus gjerning i Israel og drive utukt i huset åt far sin. Såleis skal du rydja ut det vonde hjå deg.

22. Kjem de over ein mann som ligg med ei gift kvinne, skal dei begge døy, både kvinna og mannen som låg med henne. Såleis skal du rydja det vonde ut or Israel.

23. Når ein mann råkar ei ungmøy i byen, ei som er trulova med ein annan mann, og han ligg med henne,

24. skal de føra begge to til byporten og steina dei i hel, jenta fordi ho ikkje ropa om hjelp endå ho var i ein by, og mannen fordi han krenkte annan manns kvinne. Såleis skal du rydja ut det vonde hjå deg.