Bibelen 1978-85 Nynorsk

5. Mosebok 21:20-23 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

20. og seia til dei: «Denne sonen vår er ustyrleg og trassig og vil ikkje lyda oss. Øydslesam og drikkekjær er han òg.»

21. Då skal alle mennene i byen steina han i hel. Såleis skal du rydja ut det vonde hjå deg. Heile Israel skal høyra om det, og redsle skal ta dei alle.

22. Når ein mann har gjort ei synd som det er dødsstraff for, og han vert avretta og hengd opp i eit tre,

23. då skal du ikkje la den døde kroppen hans hanga i treet natta over, men gravleggja han same dagen. For den som vert opphengd, er forbanna av Gud, og det landet Herren din Gud vil gje deg til odel og eige, må du ikkje gjera ureint.