Bibelen 1978-85 Nynorsk

5. Mosebok 21:17-21 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

17. Han skal kjennast ved den eldste, som er son til den kona han ikkje held av, og gje han dobbel arvelut av alt det han eig. For han er den fyrste frukt av hans manndom, og odelsretten høyrer han til.

18. Når ein mann har ein ustyrleg og trassig son, som ikkje vil høyra på far sin og mor si, og ikkje vil lyda dei endå dei tuktar han,

19. då skal foreldra ta han med seg til byporten, til dei eldste der i byen,

20. og seia til dei: «Denne sonen vår er ustyrleg og trassig og vil ikkje lyda oss. Øydslesam og drikkekjær er han òg.»

21. Då skal alle mennene i byen steina han i hel. Såleis skal du rydja ut det vonde hjå deg. Heile Israel skal høyra om det, og redsle skal ta dei alle.