Bibelen 1978-85 Nynorsk

5. Mosebok 21:11-14 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

11. og du mellom fangane får sjå ei fager kvinne som du vert glad i og vil ha til kone,

12. skal du leia henne inn i huset ditt. Ho skal klyppa håret og skjera neglene

13. og ta av seg dei kleda ho gjekk i då ho vart teken til fange. Så skal ho vera i huset ditt og syrgja over far sin og mor si ein heil månad. Sidan kan du gå inn til henne og gifta deg med henne, så ho vert kona di.

14. Men syner det seg så at du ikkje likar henne lenger, skal du la henne gå kvar ho vil. Du må ikkje selja henne for pengar og ikkje fara stygt med henne, sidan du har fått din vilje med henne.