Bibelen 1978-85 Nynorsk

5. Mosebok 21:1-11 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Når nokon finn ein mann som ligg drepen på marka i det landet Herren din Gud lèt deg få i eige, og ingen veit kven som har slege han i hel,

2. skal dei eldste og domarane dine gå ut og mæla kor langt det er frå den drepne til dei byane som ligg der ikring.

3. Og dei eldste i den byen som ligg nærast den drepne, skal ta ei kvige som ikkje har vore brukt til arbeid og aldri har hatt åk på seg,

4. og leia henne ned i ein dal der det alltid renn vatn, og der det korkje vert pløgt eller sått. Der i dalen skal dei bryta nakken på kviga.

5. Så skal prestane, Levi-sønene, stiga fram. For dei har Herren din Gud valt ut til å tena han og velsigna i hans namn, og etter deira ord skal kvar sak som gjeld tvistemål eller lekamsskade, avgjerast.

6. Alle dei eldste i den byen som er nærast den drepne, skal vaska hendene sine over kviga som dei har brote nakken på nede i dalen.

7. Og så skal dei ta til ords og seia: «Våre hender har ikkje rent ut dette blodet, og vi har ikkje vore augnevitne til drapet.

8. Herre, ta bort skulda frå Israel, folket ditt, som du har løyst ut. Lat ikkje Israel, folket ditt, lida for drapet på ein skuldlaus mann!» Då får dei soning for blodskulda.

9. Såleis skal du reinsa bort det skuldlause blodet, når du gjer det som rett er i Herrens augo.

10. Når du dreg i krig mot fiendane dine, og Herren din Gud gjev dei i dine hender, så du tek fangar,

11. og du mellom fangane får sjå ei fager kvinne som du vert glad i og vil ha til kone,