Bibelen 1978-85 Nynorsk

5. Mosebok 20:6-16 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

6. Er det nokon som har planta ein vingard, men endå ikkje teke han i bruk, kan han fara heim att, så ikkje ein annan skal ta vingarden i bruk om han fell i krigen.

7. Og er det nokon som har trulova seg med ei kvinne, men endå ikkje gift seg med henne, kan han fara heim att, så ikkje ein annan skal gifta seg med henne om han fell i krigen.»

8. Dette òg skal tilsynsmennene seia til hæren: «Er det nokon som er redd og motlaus, kan han fara heim att, så ikkje våpenbrørne hans skal missa motet liksom han.»

9. Når så tilsynsmennene er ferdige med det dei har å seia, skal dei setja hovdingar over hæren.

10. Når du dreg fram mot ein by og vil strida mot han, skal du fyrst by han fred.

11. Tek folket i byen imot fredstilbodet og opnar portane for deg, skal dei alle gjera tvangsarbeid for deg.

12. Vil dei ikkje gjera fred, men føra krig med deg, skal du kringsetja byen.

13. Og når Herren din Gud gjev han i dine hender, skal du hogga ned alle mennene der med sverd.

14. Men kvinnene, borna og husdyra og alt anna hærfang i byen kan du ta med deg. Du kan gjera deg nytte av dette hærfanget som Herren din Gud lèt deg ta frå fiendane dine.

15. Såleis skal du fara fram i alle byane som ligg langt borte frå deg og ikkje høyrer folka her til.

16. Men i dei byane som høyrer desse folka til, og som Herren din Gud gjev deg til odel og eige, der skal du ikkje spara eit einaste liv.