Bibelen 1978-85 Nynorsk

5. Mosebok 20:4-9 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

4. For Herren dykkar Gud går med dykk. Han vil strida for dykk mot fiendane og gje dykk siger.»

5. Så skal tilsynsmennene tala til hæren og seia: «Er det nokon som har bygt seg nytt hus, men endå ikkje vigsla det, kan han fara heim att, så ikkje ein annan skal vigsla huset om han fell i krigen.

6. Er det nokon som har planta ein vingard, men endå ikkje teke han i bruk, kan han fara heim att, så ikkje ein annan skal ta vingarden i bruk om han fell i krigen.

7. Og er det nokon som har trulova seg med ei kvinne, men endå ikkje gift seg med henne, kan han fara heim att, så ikkje ein annan skal gifta seg med henne om han fell i krigen.»

8. Dette òg skal tilsynsmennene seia til hæren: «Er det nokon som er redd og motlaus, kan han fara heim att, så ikkje våpenbrørne hans skal missa motet liksom han.»

9. Når så tilsynsmennene er ferdige med det dei har å seia, skal dei setja hovdingar over hæren.