Bibelen 1978-85 Nynorsk

5. Mosebok 2:9-15 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

9. Då sa Herren til meg: «Du skal ikkje gå til strid mot moabittane og ikkje ta på dei. Eg vil ikkje la deg få noko av landet deira, for Ar har eg gjeve Lots-sønene til eigedom. –

10. I gamle dagar budde emittane der, eit stort og mannsterkt folk; dei var høgvaksne som anakittane

11. og vart liksom dei rekna for refaittar; men moabittane kallar dei emittar.

12. Før i tida budde det horittar i Se’ir. Men Esau-sønene dreiv dei bort og rudde dei ut og busette seg der i staden deira, så som israelittane gjorde i sitt land, det Herren gav dei til eigedom. –

13. Ta no ut og gå over Sered-bekken!» Så gjekk vi over Sered-bekken.

14. Då var det trettiåtte år sidan vi tok ut frå Kadesj-Barnea, og heile den gamle ættleden av våpenføre menn i leiren var utdøydd, som Herren hadde svore at det skulle gå dei.

15. Herrens hand var vend mot dei, og han rudde dei ut or leiren til siste mann.